Den første dåp på Ilan
Noen glimt fra Marta og Alf Sandvik misjonærtjeneste
på Taiwan i perioden 1960-1983.
Alf Sandvik var yngste bror til min far.
Han og kona Marta reiste ut til Formosa, som senere fikk navnet Taiwan, i 1960,
samme året som jeg ble født. Det var derfor lite kontakt vi hadde med onkel og
tante og barna deres i oppveksten. Men for meg personlig og mitt misjonskall,
har det betydd mye å ha nær familie som misjonærer.
Med jevne mellomrom kom det noen brev
fra Taiwan. Her ble det fortalt om både smått og stort fra familien og ikke
minst fra misjonsarbeidet de sto i. Jeg vil i denne artikkelen gi en kort
oversikt over deres tjeneste på Taiwan, bl.a. gjennom sitat fra noen av disse
brevene Marta og Alf skrev til mine foreldre.
Misjonssambandet
på Taiwan
Norsk Luthersk Misjonssamband(NLM) ble
startet i 1892. Noen kristne kvinner i Bergen hadde fått et kall til å nå
kineserne med evangeliet. Det var derfor i Kina NLM hadde sitt misjonsarbeid,
fram til Mao stengte grensene for utenlandske misjonærer i 1948. Et annet
resultat av kommunistenes maktovertakelse i Kina, var at mange kinesere flyktet
til bl.a. Hong Kong og Formosa.
Den styrtede presidenten i Kina var en
av dem som flyktet til Taiwan og her opprettet han en egen republikk.
Presidenten var kristen og ønsket gjerne at misjonærer som hadde vært i Kina
skulle komme til Taiwan.
NLM startet sitt arbeid på denne øya i
1952. Den første misjonæren var Sigrun Omestad fra Lillesand. Den neste som kom
var den kjente misjonsforfatter Asbjørn Aavik. Så fulgte seks nye misjonærer ut
over 1950-tallet, før Marta og Alf kom til Taiwan sommeren 1960 som NLMs 9. og
10. utsendinger. Menighetsarbeidet var disse første årene konsentrert om
hovedstaden Taipei. I tillegg var NLM med å starte en luthersk bibelskole i den
sørlige havnebyen Kaohsiung.
Forberedelse
til utreise
Onkel Alf ble født på Jørpeland 21. august 1929. Far
hans døde av lungebetennelse før Alf ble født. Mora døde da Alf var 21 år. Han
og to av søsknene sang den kvelden mora døde, sangen ”Skal vi møtes hist ved
floden”. Da de kom til siste verset, ”Skal vi møte våre kjære, se dem glade der
igjen”, ble kallet så sterkt for min far at han der og da tok imot Jesus som
sin frelser.
Ikke lenge etter dette reiste onkel Alf
til Oslo og begynte på kunst og håndverkskole. Han var flink til å tegne og
male (se avisutklipp under). Det ble imidlertid ikke lenge han gikk på denne skolen, før han flyttet til
Fjellhaug og begynte på misjonsskolen. Her traff han Marta Afdal fra Voss, som
han etter hvert ble gift med.
Etter seks lange år på misjonsskolen,
skrev han brev heim til broren Oskar:
Puh-,
ja, nå er me endeleg ferdige med denne eksamen vår, og med seks lange år på
skulen. Onsdag tek me ut på ein songarturné til Oppland, Sunnmøre og Romsdal og
Trøndelag…I går var eg på eit stevne på Nykirke i Vestfold, og det var rektig
gildt. Nå tek eg snart til å tena sjølv, (så
nevner han i takknemlighet slekt og venner som har støttet han mens han gikk på
misjonsskolen, og at han gleder seg til å begynne å tjene penger selv) Sykkelen som eg har hatt ståande her borte
skal eg snart senda til deg.
Vi forstår at det må ha vært trange
økonomiske kår for studenten i Oslo, men at han har hatt en flokk slekt og
misjonsvenner som har stått bak han i bønn og offer for at han skulle få
mulighet til å reise ut som misjonær.
Første
år på Taiwan. 1960-1962
De to først årene etter ankomst til
Taiwan sommeren 1960 gikk med til språkskole i hovedstaden Taipei. I løpet av
disse to årene skulle de lære seg kinesisk.
1962-1964
Språkstudiet var ferdig våren 1962. Da
gikk Marta og Alf inn i en tjeneste i et nytt arbeid i Mushan. Her var de med
på bygging av en ny barnehage med forsamlingslokale. Midlene til denne
barnehagen ble samlet inn av abonnentene til Blåveisen barneblad i Norge. Alf
hadde også et ansvar inn mot en av de andre menighetene i Taipei, Fredsgata
menighet.
1964-1965
I 1963 begynte misjonærene på Taiwan å
tenke på en utvidelse av arbeidet. Inntil da hadde arbeidet vært konsentrert om
hovedstaden. Om våren tok derfor Alf og en kollega en tur rundt på Taiwan for å
finne et aktuelt sted for nybrottsarbeid. De ble enige om å satse på
Ilan-sletta og buen Ilan, nordøst på øya, ut mot Stillehavet.
Med hjelp fra bl.a. kristenrussen i
Telemark, ble tomt kjøpt og misjonærbolig og kirke bygget. De som fikk i
oppdrag å starte arbeidet i dette nye området, var Marta og Alf. De flyttet til
Ilan i mars 1964. Alf skrev følgende i NLMs årbok for 1964: ”Vi var framande
og ukjende på sletta mot Stillehavet. Nytt hus og
ny kyrkje, men ikkje eit menneske venta på oss då me flytta hit til Ilan. Men
sidan det er sjeldan å sjå utlendingar på denne kanten av Taiwan, varde det
ikkje lenge før nyfikne folk krydde inne på stasjonen. Særleg skulle ungdomane
ha tak i utlendingane, og dei nærast kravde at me satte i gong med
engelskundervining. På denne måten har me fått ein fast stamme på 25-30
ungdomar til å høyra Guds Ord. 13 av desse har nå gitt seg over til Jesus og er
døypte.”
Marta og Alf ble på Ilan fram til våren
1965 da de reiste til Norge på et års heimeopphold. Da hadde de fått tre barn,
og to til kom senere på 1960-tallet. Min far hadde ikke gjemt noen brev fra Alf
og Marta fra denne første perioden på Taiwan.
1965-1966
Fra våren 1965 til sensommeren 1966 var
familien i Norge. Alf reiste da som forkynner. I et brev datert 26. januar 1966
skrev han:
Nå
skal eg ut og preike att. Denne gongen blir det 3 månader på rad. Fyrste
månaden på Stord, neste på Helgeland og siste i Namdalen…. Der eg var sist fekk
eg fleire uomvende i tale på møta, men eg såg ikkje nokre som omvende seg. Det
er visst vanskeleg for misjonærar å oppleva vekkjing heime. Det blir helst for
å gje dei som alt er truande, misjonsvenene, ein kveik, me reiser rundt.
10 voksne og to barn døpt i 1964. Førstegrøden.
1966-1971
Høsten 1966 var familien tilbake på Ilan.
Familien gikk inn i tjeneste i de nystartede menighetene på Ilan sletta. Her er
noen glimt fra brev:
Ja,
me er kome på plass her i Ilan att. Det var veldig gildt å koma attende til venene
her, nokre nye hadde det kom til og. Ungdomsflokken er nesten fordobla. Me har
fått ein ny evangelist og han er ein mykje god forkynnar, -mest som høyra ein
talar i Norge. Sung, evangelisten som var her før, har flytta til ein liten by
i Ilan, Tocheng, der han og kona byrja nytt arbeid. Men det er vanskeleg i
byrjinga.
Her
i Ilan har me no fått leigt eit lokal i den andre delen av byen, og skal ha
møter der. Det bur meir folk der, so me vonar på mykje folk i sundagsskulen
også. Det er knapt på budsjettet, men me brukar ekstragåver me hadde med til
det også….
Alf
er i full sving både med engelsk-klassen og ellers. Han preiker 1. sundag i
måneden i Mushan også, og elles har han ungdomsmøte i Taipei. Det er nå bra no,
men korleis det skal gå når Aavik og Kollerøs reiser det veit ikkje eg. Mella
er oppteken på skulen, så han er liksom ikkje med i det vanlege arbeidet. Ja,
me får ta ein dag om gongen. Ellen kjem antakeleg ut saman med dei 2 nye para
etter jol. Men dei skal jo lese språk i 2 år fyrst. Men det er no gildt at me
vert fleire her. Det er tomt nå i Taipei, med berre Aavik der. Kollerøs bur her
endå, men han reiser mykje til Taipei, han har også timar på bibelskulen.
Reisa
gjekk bra for oss, etter 30 timar var me i Hong Kong. Barna fekk sova litt, men
Alf og eg var trøytte då me kom fram. I Hong Kong budde me hjå Espegrens, var
der i 5 dagar. Det var skrekkeleg varmt, så barna sov lite dei fyrste døgna,
mykje grining. Så det var ikkje fritt for at me alle lengta heim til kjølege Norge.
Men så har me hatt det fint her i september, ikkje serleg varmt, anna enn dei
fyrste dagane. (Marta,
6.10.1966)
18.07.1967 skriver Alf blant annet dette fra Ilan:
Eg
har vore tilsynsmann nokre få månader nå, og det krev mykje arbeid. Men nå kjem
Maudal ut i haust, og tek då over att, så då skulle det bli mindre arbeid.
Dessutan har eg nå tilsyn med byggjinga av 2. etg. i kyrkja vår her i Ilan nå.
Flokken veks smått om senn, serleg då ungdomsflokken. Me har nå fast ca 50 på
ungdomsmøta, men ofte meir, slik som sist lørdag, 60. Då blir den gamle
møtesalen for liten.
Men
når 2. etg blir ferdig, kan me få inn minst 150 menneske om det skulle knipa.
Det er vårt store ynskje at ikkje berre kyrkja må bli ny, men også flokken kan
bli oppattnya. Eg er så redd for at talet på kristne kan bli stort, men krafta
av Den Heilage Ande liten. Når eg tenkjer på det store ansvaret vårt,
samstundes på store freistingar og kjøtleg veikskap, så blir eg ofte redd. Men
det er godt at me får leggja alt over i Guds hender, og be Han fullføra det Han
har sett oss til me.
Videre klipper vi fra fire brev fra
denne perioden:
Harald
Giljes har nå flytt hit til Ilan, og bur i same huset som oss. Og det er gildt
å ha lag. Han har nå i fyrste omgang starta med å bli lærar for Maria. Arbeidet
mitt blir nå ikkje berre her i Ilan, men også andre stader. Eg har såleis måtte
gå inn som lærar på bibelskulen i Hsinchen. Der lærer eg i Romerbrevet. Ein
annan ting som vil ta opp tida mi nå blir oppbyggjing av ny kyrkje i Lodung.
Det er Aavik som står føre den aksjonen heime i Norge, og han har til denne
tida fått inn 130 000 kr. Målet er 250 000 kr, så det er eit stykke
fram ennå.
Så
gleder me oss til å ta imot nye misjonærar. Asbjørn Hoaas kjem
i morgon. Dessutan
er Ragnar Johansen nyss på vitjing, og me vil ha ein konferanse måndag saman
med alle i misjonen.
(Alf: 28.09.1968 Ilan)
Res.
Kap. Strømme som plar ha annonse i avisa for misjonen har nyss gitt oss
35 000 kr. som me skal kjøpa folkevognbuss for, og reisa rundt og forkynna
evangeliet her på sletta. Ei gamal kone på Sunnmøre har gitt 1000 kr. til
høgtalar. Dette er slikt noko me ikkje kan få tak i frå misjonskassen. Diverre
kan eg ikkje ofra heile tida mi på slikt arbeid, for også i år lyt eg ta to
timar på bibelskulen i Hsinchu. Det blir Galatarbrevet eg skal undervisa i. Og
mykje tid går til førebuing.
For
3 veker sidan hadde me ungdomsleir med 200 deltakarar. 3 her frå Ilan gjorde
til kjenne at dei ville gå inn i tenesta. Men slike val kan ofte bli tekne i
kjenslerus, så det er ikkje alltid det held. Mykje avheng av dei truande si
forbøn. Vil de vera med å be for desse. (Alf 06.08.1969 Ilan)
Generalsekretær Tormod Vågen på besøk. Ragna og Asbjørn Aavik t.v.
Me
står nå aleine utan infødd medarbeidar her i Ilan. Han me hadde, vart overført
til ei av dei andre kyrkjene i Taipei, der dei trong han. Det er jo eit stort
sakn å ikkje ha ein innfødd til å hjelpa seg, for ein utlending skjønar ikkje
alle dei problemane kinesarane ber på. Men gildt er det å sjå at dei fleste av
dei me har vunne kjem jamnt til møta som før.
Ungdomsflokken
har minka litt. Men grunnen til det er mest at dei beste drog til hovudstaden i
haust for å studera på universitetet. Men for at desse ikkje skulle koma bort
skipa me eit Ilanlag i Taipei, og det har slege godt an. Over 30 av ungdomane
møter opp der jamnt ein gong i månaden. Elles er arbeidet meir rolegare nå enn
i fjor, då me møtte mykje strid og motbør. Men slik er vel både eins eige liv
og arbeidet ein driv, kor det enn så er, det går i bylgjer.
Den
nye kyrkja i grannebyen, Lodung, er ferdig, men sidan Gilje, som skal halda
fram arbeidet der, ikkje er flytt dit ennå, kan det ikkje setjas inn med full
kraft ennå. Der er mange stader her på sletta, der me skulle hatt hug å setja i
gang, men medarbeidarstaben er for liten ennå. Dei har vore hjelpsame med
pengehjelp frå Norge, så der har det ikkje skorta. (Alf 05.12.1969 Ilan)
Leserbrev i Stavanger Aftenblad juli 1970
Det
blir ikkje mindre arbeid her ute etter som tida går. Me finn støtt nye stader å
forkynna evangeliet. Sjølv om det er litt tregare på misjonsstasjonen i år enn i fjor, så er det desto gjildare ute
i distriktet, Me har fleire preikeplassar ute på landsbygda. Nyss kom ein
militærsjef og ba oss ha møte i militærleiren 1 mils veg herfrå, og der startar
me opp neste sundag. Det er ein stab med lovbrytarar og dei lyt vera til stades
å høyra. Det er over 100 i alt. Militærsjefen er ikkje ein kristen, men han må
nok rekna med at evangeliet har kraft til å endra lovbrytarar. Me arbeider me å
få flytta skulen lenger nord på øya, og vonar då at me oftare får sjå borna. (Alf. Udatert. Ilan)
1971-72
I 1971 var familiene tilbake i Norge på
et Norgesopphold som varte fram til sommeren 1972.
Vossabesøk på Tungland. Bak f.v. Torild, Eli, Oskar, Marta.
Framme f.v. Sissel, Ove, Einar, Arnulf, Anders,
Maria, Oddbjørg og Laila. Fotograf: Alf.
1972-77
Høsten 1972 var familien tilbake på Ilan
sletta. Dette området ble deres arbeidsplass det meste av denne perioden, fram
til 1976. Det siste året var Alf lærer ved bibelseminaret i Hsinchu, fram til
ny heimreise i 1977. Fra denne perioden foreligger det ingen brev.
1977-1980
Da familien kom heim til Norge denne
gang, var det for en lengre periode. Familien bodde heime på Voss i tre år, før
det var klart for ny utreise i 1980. Alf reiste det meste av denne tiden som
forkynner på landsbasis. Vi tar med to glimt fra brev skrevet i 1979:
Nett
nå held eg på med ein møteserie her i Larvik. Det er vanskeleg å få uomvende på
møte her som andre stader. Men dei skal jo ha noko dei truande og, så eg får
tru møta ikkje er til fånyttes. Bra oppmøte er der og. For 14 dagar sidan var
eg på haustmøte i Holmestrand. Forutan meg var Josef Tungland og Jon Jøssang
der. Så det var rart å vera 3 Jørpelendingar saman så langt bort fra
heimebygda.
Der
er ikkje så store flokkar her borte, men så er kretsen svært liten. Ikkje
større en Strand, Årdal og Hjelmeland. Men dei er minst like flinke å ofra som
i Rogaland. På eit husmøte eg var, med 30-35 deltakarar, kom der inn 2500 kr.
Ein annan stad var der ei eldre kvinna som ba meg heim, og kom med 1000 kr. til
misjonen før eg gjekk. Så der er mange gilde vener å møta. (Alf. 25.09.1979 Larvik)
Dei siste to månadene har eg vore på Sunnmøre og i Sogn. Om der ikkje er så monge
som går på møta, så er det alltid truande å finna i bygdene om dei er aldri så
små. Det går både på husmøte, møte på skulane våre og møte i større byar, men
husmøta er ikkje dei minst gilde. For
her møter ein misjonsvenene som er innstilt på både å få og å gje. På eit av
dei siste husmøta i Sogn ein stad kom det inn over 2000,-. Eg går ut frå at det
må ha vore ei lang tid sidan desse har fått høve til å gje på møte. (Alf. Desember 1979 Voss)
1980-1983
Den siste perioden familien fikk på
Taiwan var fra 1980 til 1983. I slutten av mai 1983 kom familien til Norge for
godt. Denne gang gikk Marta og Alf inn i et nytt arbeidsfelt, nemlig arbeid
blant ”fjellfolket” på Taiwan. De ble boende i Taoyuan. Vi klipper fra fire brev:
I haust fekk me
døypt fire ungdomar hjå oss. Dei held trufast med, og til jul blir der fire
nye, mellom desse eit ungt ektpar…Då me kom her for over eitt år sidan var det
helst berre born. Nå har me jamnt 20-30 vaksne til sundagsmøta.. Me har
serskilt gode vener i ein sakførarfamilie frå Ilan. Ein dag kom to av sønene
hans med 18 000 kr. som dei la på bordet, og sa eg kunne nytta dei i
arbeidet kor eg ville. Så det er ikkje berre misjonsvennene heime som gjev. (Alf. 11.12.1981 Taoyuan)
Arbeidet vårt
her i Taoyuen går framover. Me har ein uvanleg gild evangelist med oss, han er
flink til å syngja og spela, det har nok mykje å seia. Mest alle som kjem på
møta høyrer til stammefolket, eller fjellfolket, som me helst seier. Dei fleste
er unge som arbeider i fabrikkar i området her. Mange av dei er døypte som små,
men som seinare har kome på avstand frå alt som heiter kristendom. Det er
vanskeleg å overleva som ung kristen, omringa av gamal og moderne heidenskap på
Taiwan i dag. Derfor er det godt at dei har ei kyrkje som dei kan treffa andre
av sine eigne folk. Det er eit stort behov for dette arbeidet føler me. (Marta. 19.03.1982 Taoyuen)
Marta har nett
no 14 dagars husmorteneste på den norske skulen. Den jobben er i år delt på
mødrene til skuleelevane… Elles har eg fått meg motorsykkel som er god og
lettvindt å ha i arbeidet. Oppmøte og offersinn i flokken går framover slik at
også det gjer at det er ei glede å stå i arbeidet. (Alf. 17.09.1982 Taoyuan)
Julehilsen fra Taiwan. Valborg Moi t.h.
Eg
vil ta dykk med til møtet me hadde på preikeplassen sist sundag kveld, andre
sundag i advent. Regn og rusk var det ute, det rista i aluminiumsdørene når
vindkasta kom. Mange var bedt inn til møtet også i kveld, men berre 3 unge
gjenter hadde våga seg ut. Og så må eg ikkje gløyma fru Hsiao, som sat rett bak
meg! Ho høyrer til ei gruppe menneske som har falle midt mellom stolane her på
Taiwan, dei handikappa.
Ho
har vel ikkje meir intelligens enn ein 3-4 åring. Og merkeleg nok så har ho
vorte gift med ein mann frå Kina, antakeleg ein som kom over hit som soldat.
Han ville vist ha systera hennar til kone, men familien sa at det ikkje var
vanleg å gifta bort ymgre døtre før dei eldre, så han laut då ta til takke med
henne. Antakeleg hadde han då allereeide betalt inn pengar til hennar huslyd,
som han tykte det var for gale å missa. Han har nok ikkje hatt mykje hjelp av
henne. Ho vinn ikkje stella huset, ikkje laga mat heller. Det einaste ho klarer
er å setja risen til koking i den elektriske riskokaren. Ho vaskar vistnok også
sine eigne klær.
Dei
har teke til seg ei gjente som no er 10 år, ho er kvikk og livleg og skjemmest
tydeleg av mora allerede. Faren er bitter over skjebnen han har fått i livet.
Vel, fru Hsiao vil ikkje unnvera eit einaste møte, ho kom i kveld og. Så sa ho
høgt då me skulle til å syngja: Jesu hwei bu hwei lai? På norsk betyr det:
Jesus då, kjem han? Me såg på kvarandre, me utlendingane, og kunne svara henne
at det gjorde han. For det har han lova i ordet sitt. ”For der to eller tre er
samla i mitt navn, der er eg midt i mellom dei.” Takk og pris for det.
Fru
Hsiao trudde nok at Jesus var ein person, som skulle sitja på benken, slik som
oss andre. Bibelkvinna der, som også heter Hsaio, prøver å ta seg av henne, og
ho lyt nok og prøva å forklara dette med Jesus for henne. Men sjølv om
forstanden ikkje strak til, så føler ho nok at det er godt å vera på møte. Det
er nok heller aldri nokon som har vist henne slik oppmerksomhet før. Ho
tilhøyrer vel ei av dei som Jesus kallar: -ein av mine minste. Og eit glas
vatn, gitt til ein av desse, skal ikkje vera gjort forgjeves.
I
går ettermiddag, etter barnemøtet, var me 5 arbeidarar som var ute og delte ut
traktatar. Det er mange fabrikkar i området rundt Evangeliekyrkja, og me
konsentrerer oss helst om desse. Me hadde serleg tenkt på ein stor fabrikk, med
fleire tusen arbeidarar, i går. Medan me venta på at klokka skulle verta 17, så
gjekk me i området rundt der og snakka med folk. Mange er opne og greie, ja dei
aller fleste er det. Dei fleste av dei eg snakka med, hadde aldri vore i ei
kyrkje, og aldri høyrt Jesu navn nevnt. Borna flokka seg rundt meg, og tykte
det var rart med denne utlendingen som snakka kinesisk.
Ei
ung kone hadde gått i ei kyrkje i ein annan by, men no var ho så bunden, at ho
kunne ikkje koma på møte. Alle får ein traktat, der det står adresse og
telefonnummer til kyrkja. Ein må berre sukka til Gud at han må visa miskunn mot
dette folket. Serleg gjer det ein så vondt når ein ser sjuke, elendige folk som
står i templa og tilber avgudane. Me går stadig forbi eit lite tempel når me
ber borna inn til barnemøte. Også i går var det mange kvinner der som tilba. Du
kor hug ein hadde til å springa inn og dra dei vekk frå alteret og ropa: Her får du verken lækedom
for sjukdom, eller frelse for sjela! Det er det eine Jesus som kan gi!
Då
arbeidarane på den store fabrikken byrgja strøyma ut, sto me klar, 3 på ei side
av inngangen, 2 på den andre. Dei fleste hasta forbi, men tok så imot ein
traktat. Dei er jo så høflege, kinesarane. Det var ikkje lenge før alle traktatane
var fordelte, me skulle nok hatt fleire med oss. Det fortsatte å strøyma folk
ut or porten etter at me gjekk derifrå. Det er ennå så mange som skulle vore
nådd!
Tenk,
ikkje eingong å kjenna Jesu navnet! Dette er vårt kall, og vår oppgåve her ute:
Å gjera bodskapen om frelse og evig liv ved trua på Jesus, kjent for flest
mogleg. (Marta
Desember 1982 Taoyuen)
Etter at familien kom heim til Norge,
bosatte de seg på Voss. Alf fortsatte å reise som forkynner, fram til han ble
syk i 1986. Han døde av kreft i 1988. Marta arbeidet som sykepleier fram til
hun ble pensjonist og bor fortsatt på Voss.
--------
Klipp fra Stavanger Aftenblad
I Stavanger Aftenblads arkiv har jeg funnet noen notiser om onkel Alf:
Kunstutstilling å Stålverket
SA 22.11.1950
SA 28.11.1950
Sa 18.09.1953
Møte i Tryggheimlaget i Oslo
SA 27.02.1956
Bryllups-annonse SA 02.07.1959
SA 15.06.1960
SA 22.12.1967
Siste annonserte møte i Rogaland
SA 21.02.1986