mandag 23. august 2010

Forsoninga er vunnen

Forsoninga er vunnen i Jesu Kristi blod, Til meg frå korset freden hans er floten. Kvi har eg gått og ottast? Mi sak den er då god, Den store skiljeveggen ned er broten. Ja, dagen er no kommen, og natta er forbi, Og fangehuset opna, kvar fange kan bli fri, Sjå fiendskapen er for evig ute!

Det er meg openberra at eg eig barnerett, For Gud med meg i Kristus er forsona. Og eg som har meg gremma og aldri skjøna rett Kor eg i dommen skulle verta skona, Eg som i all mi betring, mi tru og gudleg sed, Mi gjerning og min lydnad fann aldri hjartefred, Eg er no alt i Jesus Kristus salig!

Er nådegåva gjeven, då er det ikkje eg Som henne skal med strev og møda finna. Ser du, min Gud, i Sonen med hugnad no på meg, Så skal eg då som barn ditt rike vinna. Og når du alt er nådig, så kjem mitt strev for seint, Eg som i trældomskavet har streva hardt og meint At du til slutt då skulle bli meg nådig.

Ein tener vel for dagløn, men ikkje for ein arv, For denne skal du sleppa sjølv å masa. Er eg i deg fullkommen, eg ikkje lenger tarv Med gammal klut min nye kledning stasa. Du einast er rettferdig, og all mi rettferd er Så sulka til av synda, som du, min Herre ser: Di rettferd einast, Frelsar, gjer meg verdig.

Men kor den arme sjela då enno dårar seg, Som trur at ho kan verta nåden verdig, Som først vil døyda synda og sidan tru på deg Eingong når hennar betring rett vert ferdig, Som først vil verta heilag og ven og rein og god, Og sterk i tru og kjærleik og von og tålsamt mod - Og sidan verta barn i faderhuset!

Nei, før enn verdsens grunnvoll ved skapninga vart lagd, Du unnte meg i Kristus barnekåret. Å, eg som gjekk så lenge av tvil og vanmod plagd Og har på tunge trældomsåket bore! No tek eg til å skjøna, med undring det eg ser: Min Herre Gud og Fader, det alt av nåde er! No vil eg meg av nåden einast rosa.

Alt anna det er utrygt, alt anna sviker meg, Men einast nåden din er stø og stendig. Visst har eg lite elska og lite ottast deg, Og enno er min kjærleik høgst elendig. Men du har ikkje grunna mitt barnekår på den - Då hadde eg gått under, men sjå eg lever enn! Eg einast av din frie nåde lever.

Så blir eg ikkje salig først når eg fer herfrå, Eg i min Frelsar her alt sæl får vera. Er fiendskapen drepen, kva ottast eg vel då? Det som er dødt, kan meg 'kje skade gjera! Er syndeskulda sletta av Jesu dyre blod, Då er det skuldbrev borte som meg i vegen stod, Og kven vil meg med nokon rett for dømma?

Lina Sandel

1 kommentar:

Vaccinius sa...

Takk! Jeg har salmen i minnet fra CD'en "Blott en dag - fra Lina Sandells sangskatt" fra Hildegunn Saunes Botnen og Gunstein Draugedalen (og Trond Andersens Studiokor), første gang utgitt i 1980. Det er et fint dikt.