søndag 7. mars 2010

Prinsipp for ungdomsarbeidet

I Guds rike er det gitt oss noen prinsipp for hvordan vi skal forholde oss til hverandre og hvordan innordne arbeidet i de helliges samfunn.

I boka ”Veien fram” er det sitert et foredrag av tidligere generalsekretær Tormod Vågen, ”Vårt ungdomsarbeid, slik voks det fram”. Her nevner han viktige ting det er verd å ta fram på nytt. Jeg siterer med tilslutning:

”Vårt arbeid må byggjast på bibelsk grunn. Guds ord må vera alfa og omega, vår mat og vår autoritet. Så lenge vi fylgjer Guds ord, drikk vi av livsens kjelda, og vårt arbeid skal ikkje vanta fornyande kraft.

Gud er ordens Gud. Guds orden er ikkje tilfeldig slik at han med tidsskifte kan avløysast av ein bedre.

De unge underordnet de eldre
1. I Guds rike som elles skal dei unge vera dei eldre undergjevne. Dette er Guds prinsipp, og vi ynskjer å gjennomføra det i vårt ungdomsarbeide med sine respektive styre. Det same gjeld ungdomssekretærane i høve til krinssekretærane. Vik vi frå denne guddommelege orden, vik Guds velsigning frå vårt arbeid.

Misjon
2. Det norske lutherske Kinamisjonsforbund(NLM) vart til for å senda heidningane evangeliet. I vårt arbeid har vi frå fyrste året av lagt vinn på å byggja Guds rike her heime. Men sjølve hovudformålet er arbeidet på misjonsmarkene.

Dette må vi unge ikkje gløyma. I same mun vår ungdom vert misjonsungdom, i same mun fyller vi den oppgåva Gud kalla oss til i Kinaforbundet. Oppgåva er ikkje forelda. Var kallet sterkt den fyrste gongen, er det sterkare i dag. Gud unne oss den nåde å vera tru mot dette største av alle kall: å bera evangeliet ut til heidningane.

En lekmannsorganisasjon
3. Kinaforbundet har frå fyrst av og til i dag vore ein lekmannsorganisasjon. Vi trur det var Guds vilje å reisa opp eit fritt og sjølvstendig lekmannsarbeid der nådegåvene kjem til sin rett utan omsyn til stand eller stilling. Dette var ei tid så sjølvsagt. No bles ein kyrkjeleg vind.

Vi gler oss over det kyrkja er og har vore for det norske folk. Men den dagen det frie og sjølvstendige lekmannsarbeidet kjem under hennar formyndarskap, er nådegåvene lagt i lekjer og eit guddommeleg prinsipp krenka. Vi kjenner ansvar for å bera vidare den store og rike arv vi har fått i eit fritt og sjølvstendig lekmannsarbeid.

Vekkings- og forkynningsarbeid
4. Vårt arbeid har i desse 50 år stort sett vore eit vekkings- og forkynningsarbeid. Etter som tia går er det heilt naturleg at det byggjande kjem sterkare fram. Vi har soleis tidlegare gjort meir for å vekkja ungdomen enn å ta vare på borna og dei yngre.

Vi må ikkje missa vekkingsånda og den frie forkynninga av Guds nåde i Jesus Kristus. Kjem vi bort frå denne lina, vil eit utvida ungdoms- og yngresarbeid føra inn i vår organisasjon menneske som ikkje eig liv i Gud.

Gud unne oss den nåde å få eiga ei klår tone om omvending og forlating for synder i Jesus Kristus – så synd vert synd og nåde vert nåde. Då skal ikkje vårt ungdomsarbeid stivna i former og organisasjon.

Apostelen Johannes seier på sine gamle dagar: ”Eg skriv til dykk ung fordi de er sterke” Og apostelen Paulus gir den formaning: ”Ver ikkje lunkne i dykkar iver.”